Noregs dokumentarv
Noregs dokumentarv er den norske delen av verdas dokumentarv i UNESCO. Kulturdirektoratet er sekretariat for Noregs dokumentarv.
Verdas dokumentarv, på engelsk Memory of the World (MoW), vart oppretta i 1992 som eitt av fleire UNESCO-program for å gje eit nødvendig løft for å synleggjere og redde kulturarven. I Noreg heiter registeret Noregs dokumentarv.
MoW er ikkje ein konvensjon, men kan knyttas opp til fleire konvensjonar, som til dømes Verdsarvkonvensjonen (1972) og UNESCOs konvensjon om vern av immateriell kulturarv (2003).
Det finst register på internasjonalt, regionalt og nasjonalt nivå, privatpersonar, organisasjonar og institusjonar kan fremje søknader. Den nasjonale komiteen vurderer og avgjer kva dokument som blir innskrivne i registret, det fyrste opptaket til dokument i registret var i 2012.
Meir om Noregs dokumentarv
- arrow_forward Den norske komiteen for verdas dokumentarv
- arrow_outward Noregs dokumentarv på Facebook
- arrow_outward UNESCO Memory of the World